Føremålet med planen er at ein skal opprette eit bustadfelt på til saman
ca 196 daa, med 95 bustadeiningar. Einingane omfattar einebustader,
rekkehus, tomannsbustader og leilegheitsbygg, som er organiserte i ulike
sosiale mønster, med vekt på ulike kvalitetar. Framlegget har hovudtyngd
på einebustader, men det har vore viktig å sikre små bustader som kan
passe for familiar, eller andre som kan ha vanskar med å komme seg inn
på bustadmarknaden, då ein ser at Austevoll og Bekkjarvik har mangel på
nett slike alternativ.
Vidare er det eit hovudmål med planen, at Måsedalen framleis skal vere
eit attraktivt friluftsområde for allmenta.

Måsedalen ligg i hellinga sør for Fagerbakkevatnet i Bekkjarvik.
Landskapet er eit typisk kystlandskap med lyng og einer, og flott utsikt
mot havet og Fagerbakkevatnet. Nordsjøløypa slynger seg gjennom dalen,
aust i planområdet. Øvst i sør, ligg Lindaretjørna, og i dalen ligg restane
etter gamle grunnmurer frå utmarksløer. Rett ved ligg skulen, barnehage
og idrettsplass med moglegheiter for volleyball, tennis, basket og fotball.
Nedom finn ein butikkar og hamn i gangavstand. Vi trur at denne
lokaliseringa vil være ideell for eit bustadfelt i Bekkjarvik. Her har ein
nærleik til servicetilbod og Bekkjarvik sentrum, ein har kvalitetane ved
kystlandskapet, utan at ein kjem for nære strandsona.
Tiltakshavar ynskjer å skape eit bustadfelt av høg kvalitet, der ein tek
omsyn til landskapet og løfter fram kvalitetar som Nordsjøløypa og gamle
kulturminne. Planen vil leggje føringar for å sikre landskapstilpassing,
vern av grønstruktur og det arkitektoniske formsvaret. Livet mellom husa
skal bli like viktig som livet inni, og samspelet mellom naturen og det
bygde, skal bli feltet sin fremste kvalitet. Planforslaget inneheld ei samling
av ulike bustadtyper, der ein ut i frå landskapet har satsa på ulike
kvalitetar som til saman vil sikre eit rikt utval av tomter og bustadtyper.

Utsikt mot Fagerbakkevatnet og Marstein fyr